No var da kanskje på tide med ei lita oppfriskning her inne. Ikkje at det er så mange som les bloggen min akkurat då (ikkje at eg vil at mange skal lesa bloggen min heller, den er nok mest for mi eiga skyld;)... Uansett. No er det midten av november, kulda har komen og snøen er nok ikkje langt unna. Syns i grunn at førjulstida er den beste, blir liksom så glad over å ha noko å gleda seg te =) Har kanskje noko med at butikkane har byrgja å selja kakemenn, av den sorten som er fullt av E-stoff, men som berre smeltar på tunga.
Men for å koma over til noko heilt anna, så lyt nett sitera ein tekst som eg kom over her ein dag:
'' Sjølv om eg nyt inhalering av røyk av mange forskjellige typar, er ikkje det samla forbruket mitt så høgt. Eg har rekna ut at med mitt inntak av tobakk vil eg forkorte livet mitt med 3 år, 176 dagar og 18 timar. Så i staden for å døy på ein måndags morgon midt på den mørkaste og tristaste vinteren, som eigentleg var meininga, får eg no døy på ein laurdag i juli, litt ut på ettermiddagen når den verste varmen har gitt seg. Viss eg er heldig, får eg døy utandørs i frisk luft og sol; det er veldig sunt.''